Sparebankstiftinga Hardanger løyver kr 450.000,- til park på Eide

Planteikning Eide Fjordpark.JPG - Klikk for stort bilete Sparebankstiftinga Hardanger løyver kr 450.000,- som stønad til etablering av ein park og allmenning på det gamle Stasjonsområdet på Eide. Med det er ein vesentleg del av prosjektet fullfinansiert, og arbeidet med etablering kan ta til våren 2020.  

Parken skal bidra til å gje nytt liv til fjordfronten og det historiske sentrum i Granvin, ved å skape grøne og tilgjengelege friområde og møteplassar her, og slik òg gjere bygda meir attraktiv for busetjarar og tilreisande. Parken består av ein allmenning i vest i møte med fjorden, eit grøntområde i midten og eit areal tilrettelagt for leik mot aust. I sør vert gangvegen lags elva vidareført frå gangbrua fram mot allmenningen. Prosjektet er utarbeida i samarbeid med Eide Grannalag og med innspel i frå eldreråd, ungdomsråd, turlag og helselag.

Prosjektomtale Eide fjordpark (PDF, 2 MB)
Situasjonsplan (PDF, 407 kB)
Utsnitt leikeplass (PDF, 311 kB)
Utsnitt allmenning (PDF, 273 kB)
Illustrasjonssnitt (PDF, 165 kB)

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 22.11.2019