Natur- og miljøforvaltning

VILT OG FISKE
Landbrukskontoret forvalter saker innan fagfelta vilt og fiske med Granvin vilt- og innlandsfiskenemnd som politisk organ. Viltkartlegginga i Granvin vert avslutta i løpet av januar 2003. Granvinsvassdraget er verna vassdrag, Verneplan III mot kraftutbygging. Deler av Granvinsvassdraget fører anadrome laksefisk. Forskrift om fisketider vert vedteke kvart år.

--------------------------------------------------------------------------------

MOTORFERDSLE I UTMARK
Lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag av 10. juni 1977 nr 82. Lova gjeld for alle motoriserte framkomstmidlar. Føremålet er å regulera motorferdsle i utmark og vassdrag med sikte på å verna om naturmiljøet og fremma trivnaden. I Granvin er det utarbeidd kommunale retningsliner. Det er høve til å søkja om dispensasjon frå forbodet om transport i utmark/vassdrag. For dei fleste slike søknadar er det rådmannen som har vedtaksmynde. Minner om nye reglar i høve til køyrefart, om bruk av snøscooter på offentleg veg, og om bruk av personleg verneutstyr under køyring med motorvogn.

--------------------------------------------------------------------------------

FRILUFTSLIV
Fjord, fjell og vakker natur kjenneteiknar Granvin som er rik på høvet til å driva ulike former for friluftsaktivitetar både sommar og vinter. Det finst Turkart for Granvin og Ulvik. Det er i målestokk 1:65 000 og tek utgangspunkt i Statens Kartverk sin kartserie M711. Turkartet kan de kjøpa hjå ulike reiselivsverksemder og på heradshuset. I Haugsåsen har me skianlegg med ljosløype og slalombakke med trekk. Det er gode tilhøve for parkering. På Eide har me offentleg badeplass. Bygdatunet i Granvin er av kulturhistorisk interesse både med tanke på bygningar og landskap.

--------------------------------------------------------------------------------

BIOLOGISK MANGFALD
Kartlegging av det biologiske mangfaldet i Granvin (naturtypekartlegging) vart gjennomført i løpet av åra 2001 og 2002. Mange spennande område er registrert. Her kan spesielt nemnast det store mangfaldet av kulturmarkstypar/kulturlandskap. Kartleggingsarbeidet har skapt interesse hjå grunneigarar. Hausten 2002 vart det arrangert kurs i Styving. Dette vart godt motteke. I alt 25 betalande deltakarar valde å bruka 5 timar av ein laurdag for å delta på dette kurset.

VERNEOMRÅDE I GRANVIN - Joberget naturreservat - Granvinsdeltaet - Verna vassdrag

Sist endra 29.01.2014