Sosialtenesta

Sosialtenesta arbeider etter Lov om Sosiale tenester. Føremålet med tenesta er å fremja økonomisk og sosial tryggleik, betra levekåra for vanskelegstilte, og førebyggja sosiale problem.

SOSIALTENESTA KAN HJELPA MED:

- råd og rettleiing som kan hjelpa til å løysa eller førebyggja sosiale problem
- økonomisk sosialhjelp kan ytast til personar som treng det for å koma over eller tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon
- rettleiing og hjelp for å koma bort frå misbruk av alkohol eller andre rusmidlar
- støttekontakt for personar med særlege behov grunna sosiale, fysiske eller psykiske vanskar
- avlasting for personar og familiar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid
- rettleiing og hjelp til personar med gjeldsproblem
- praktisk tilrettelegging for dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, og som har krav på hjelp
- å finna mellombels bustad til den som ikkje greier det sjølv

Sosialkontoret har også ansvar for andre hjelpeordningar:
- bustadtilskot til etablering eller tilpassing av bustad
- parkeringsløyve for funksjonshemma

Når det gjeld transportordning for funksjonshemma og Husbanken sine ordningar som bustønad, startlån, etableringslån, kan du venda deg til tenestetorget i heradshuset.

Foreldremekling ved separasjon/samlivsbrot, eller ved usemje i samarbeid om borna, får du ved Odda Familievernkontor, tlf 466 19 150.

PRAKTISK INFORMASJON Sosialtenesta i Granvin held til på sosialkontoret i 1. etasje i heradshuset. Du kan kontakt oss på telefon, pr brev eller e-post, eller ved å venda deg til tenestetorget på heradshuset. Dei tilsette har teieplikt. 

Sist endra 22.11.2018