Turistinformasjon Granvin herad

VELKOMEN TIL GRANVIN
Granvin er ein av dei 7 Hardangerkommunane, der fjord, fjell og vakker natur er felles kjenneteikn. Vår og sommar er fruktbløming, fiske og fjordsigling, hytte- og stølsliv.
Haust og vinter set du farten litt ned ­- tek heller turen på fjellet, til fots eller på ski. Skitrekk, ljosløyper og utforbakkar finn du både i Granvin og nabokommunane.

Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Du kan lett velja mellom fleire reiseruter. E-16 går mellom Oslo og Bergen via Lærdal og Voss, riksveg 13 mellom Voss og Granvin. Riksveg 7 går frå Oslo til Granvin over Hardangervidda, og vidare til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 min. til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går og buss til Bergen og Voss.
Granvin er ein god og trygg stad å vera, både for eldre og yngre.

Miljø, kultur og trivsel står i sentrum. Dei gamle byggeskikkane vert tekne vel vare på. Det spirer og gror i song- og musikklivet. Hardingfela er symbolet i heradsvåpenet! Mange driv med husflid og handverk. Det er lett å gjera seg kjend i Granvin. Innbyggjar­talet er 1050 og flatevidda er 212 km2.

Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er og grunnlaget for seinare års industriutvikling.

Turisme har frå gamalt av vore viktig næringsveg i Granvin.

Håpar de får eit triveleg opphald i bygda vår!