Bilete frå Granvin

Fotograf: Kjartan Haugen
Vassfjøro og Solsævatnet i Ulvik
Kjartan Haugen

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Bustadtomter i Skielva

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete 15 byggjeklare og prisvenlege bustadtomter i nytt bustadfelt i Granvin. Barnevenleg. Fin utsikt og gode soltilhøve.

Granvin ligg i Hardanger, har ca 930 innbyggjarar og eit samlaareal på 212 km2. Reisetider med bil: ca. 25 min til Voss og ca. 2 timar til Bergen.

 
Skielva bustadfelt 
 
Feltet ligg tett på det allereie eksisterande bustadfeltet på Røynstrand. Feltet har totalt 17 bustadtomter der det kan byggjast 1, 2, 3 eller 4 bueiningar pr. tomt.
Bustadfeltet er tilrettelagt med ferdig kommunal infrastruktur som veg, vatn- og avløp inn til tomtegrensene. Det vil òg verta opparbeidd leikeplass i feltet. Utbyggjar har teke høgde for at kvar tomt skal ha gode sol- og utsiktstilhøve. Tomtene er òg plasserte godt i terrenget med omsyn til drenering og opparbeiding av hage og uteområde. 
 
Feltet ligg i gåavstand til Granvin sentrum.
Her finn ein to daglegvarebutikkar, barne- og ungdomsskule, bibliotek, kunstgrasbane og tilknyting til kollektivtransport både til Voss og Bergen. Barnehagen ligg ca 1 km unna.
I Granvin finn eit stort utval av lag og organisasjonar som tilbyr ulike aktivitetar, og som legg tilrette for trivsel og god livskvalitet.
 
 
Tilkomst
 
Følg fylkesveg 7 mot sentrum av Granvin og sving av mot Røynstrand. Ta av til venstre etter omlag 300 m og følg vegen opp mot bustadfeltet på Røynstrand. Feltet ligg i svingen og oppover på venstre side av vegen.
 
Tomt
 
Eigarform: sjølveigd tomt.
Planområdet ligger i ei svakt skrånande elve-/skred-vifte opp mot ei bratt fjellside i søraust. Gjennom området renn Skielva. Planområdet er flaumsikra. Grunnen består av sprengmassar fra Folkedalstunnelen.
Frå øvst i bustadfeltet startar turstiar til Stokksel, Nodlen og Oksen, som er turar som passar for heile familien.
 
Parkering
 
Privat. Felles gjesteparkering ved leikeplassen. Sjå reguleringsplan.
 
Veg/vatn/avløp
 
Eigedommen er tilknytta kommunalt vatn- og avløp via private stikk- og fellesleidningar. Me gjer merksam på at private leidninger skal vedlikehaldast av eigar. Private fellesleidningar er det normalt knytt ei solidarisk vedlikehaldsplikt. Det er krav om privat septiktank.
Kjøpar må betala påkoblingsavgift til det kommunale vatn- og avløpsanlegget. Offentleg veg.
 
Likningsverdi
 
Likningsverdien på tomta er ikke berekna. Ubebygde tomter skal i utgangspunktet formuebeskattast ut fra pårekna salsverdi, men avgrensa til 80 % av salsverdien.
 
Kommunale avgifter
 
Kommunale avgifter er ikkje fastsette da eigedommen ikkje er bebygd.
 
Diverse
 
Det er byggjeklausul på tomtene. Det må byggjast innan 3 år etter overskøyting.
Kommunen skal godkjenna kjøpar ved vidaresal.
 
Pt. samsvarer ikkje matrikkel og plankart. Granvin Herad har ansvar for at matrikkel og plankart samsvarer. Plankartet er rett og det er dette som gjeld.
 
Seljar står fritt til å godta eller avslå eitkvart bod, herunder bestemme om de vil godta sal til selskap, og om dei vil godta sal av fleire tomter til same kjøpar. Seljar har rett til å utan varsel endra priser og vilkår for uselde tomter.
 
Seljar tek atterhald om å gjera endringar/omregulering av omkringliggjande bebyggelse, eventuell regulering av enkeltseksjonar til næringsverksemd og endringar av utomhus-areal i høve til det som er presentert for kjøpar.
 
Det er lagt inn følgjande reguleringsføresegner:
- "Seinast når nye bueiningar kan takast i bruk skal adkomstvegar samt VA, overvatn og annan infrastruktur i grunnen vera ferdigstilt".
- "Leikeareal må vera opparbeidd etter norm for nye bueiningar seinast når nye bueiningar kan takast i bruk".
- "For B2, B3 og B4 gjeld rekkjefølge for bygging i feltet som følgjer av delnummer på tomta. Tomt med delnummer 1 skal byggjast ut først".
 
 
Servituttar/rettar/plikter
 
Følgjande servituttar er tinglyste på eigedommen sitt grunnboksblad:
Avgrensing i råderett 
Ved overtaking skal Granvin herad godkjenna kjøper, på visse vilkår. Kommunale rettar/påbod i medhald av skøyte.
 
Følgjande skal tinglysast som hefte på eigedommen:
 
1. Ved eventuelt vidare sal av eigedommen til andre enn ektefelle, foreldre, søsken, adoptivbarn eller slektninger i rett nedstigande linje til kjøpar, skal Granvin herad godkjenna den nye kjøparen. Dersom sal finn stad før det er bygd på tomta, skal salssummen vera den same som Granvin herad selde tomta for. 
2. Dersom det ikkje er bygd på eigedommen innan to år etter at dette skøytet er tinglyst, kan kommunen kreva at eigedommen blir skøyta over til en annan som kommunen vel ut til den prisen kommunen tok for tomta. Dersom eigedommen er pantsett, skal panthaver godkjenna overskøytinga. 
3. Kommunen har inga gjerdeplikt mot tomta. Elles  gjeld vanlege reglar om gjerdeplikt.
4. Granvin herad, eller den som får løyve av Granvin herad, har rett til å ha liggjande, leggja om og vedlikehalda leidningar av alle slag over tomta mot å setja eigedommen i samme stand som før inngrepet.
5. Tomtekjøparen tek alle kostnader med oppføring av støttemur o.l. mot naboeigedommar og veger som ikkje er naudsynte av omsyn til vegar, avkøyrsle til veg o.l. i feltet. Avkøyrsle frå tomt til veg må tilpassast system for avrenning av overvatn, gateljos mm. og må godkjennast av teknisk etat.
6. Kjøpar overtek eigedomen i den stand han er i ved overskøytinga. 
7. Det er laga påkoblingspunkt for vatn og kloakk for alle tomtene ved tomtegrense. Dersom tomtekjøpar ikkje vil nytta seg av dette påkoblingspunktet, må han/ho sjølv ta kostnadene med nytt påkoblingspunkt.

Reguleringsmessige tilhøve
 
Tomtene er regulerte i detaljreguleringsplanen for Skielva Øvre.
 
Oppgjer
 
Heile kjøpesummen inkludert omkostningar skal vera innbetalt før overtaking.
 
Overtaking
 
Overtaking skjer etter nærare avtale med seljar.
 
Seljast "slik ho er"
 
Eigedommen vert seld i den stand den var då kjøpar var på synfaring, jfr Avhendingslova § 3-9. Manglar kan det berre setjast fram krav om etter § 3-7 eller 3-8: * kjøper ikke har fått opplysninger som selger kjente eller måtte kjenne til, og som kjøperen hadde grunn til å regne med å få, eller når selger har gitt uriktige opplysninger om eiendommen. Dette gjelder likevel bare dersom man kan gå ut fra at det har innvirket på avtalen at slik opplysning ikke ble gitt * Det kan også liggja føre manglar dersom eigedommen er i vesentleg dårlegare stand enn det kjøpar hadde grunn til å rekna med ut fra kjøpesummen og tilhøva elles. Kjøpar kan ikkje setja fram krav etter andre reglar i Avhl. kap 3 enn dei reglane som er ufråvikelige i forbrukartilhøve, jfr. Avhendingslova § 3-9, jfr § 1-2 (2). Interessentar vert difor oppmoda om å setja seg inn i eventuell eigenerklæring fra seljar, og til å undersøkja eigedommen nøye, gjerne saman med fagkunnig før ein gjev bod.
 
Tinglysing av heimel
 
Dersom ikkje anna er avtala vert skøyte/heimelsdokument for tinglysing sendt i samband med oppgjeret. Oppgjer føreset at det er gjennomført overtaking og at partane har signert ein overtakingsprotokoll og sendt denne som avtala i kontrakten.
 
Omkostningar
 
2,5 % av tomteverdien
172,- (Panteattest kjøpar - Faktura frå Statens Kartverk)
525,- (Tingl.gebyr obligasjon)
525,- (Tingl.gebyr skøyte)
45 740,- (Påkoblingsavgift til det kommunale vatn- og avløpsanlegget)
 
46 962,- (Omkostningar totalt)
 
2,5 % dokumentavgift av tomteverdi + 46 962.- (Totalpris inkl. omkostningar)
 
Me gjer merksam på at ovannemnde totalsum er rekna ut fra kjøpesum tilsvarande prisantydning. Det vert teke atterhald om endring av gebyr.
 
Matrikkelinformasjon
 
Kommunenr: 1234
Gardsnr: 123
Bruksnr: 87 - 103
 


Ta kontakt med oss for meir informasjon, tlf.: 40403870, e-post: postmottak@granvin.kommune.no
Finn-kode: 82834140
Publisert av Heidi Herstad. Sist endra 18.11.2016
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS