Bilete frå Granvin

bygdemuseet
bygdemuseet

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Granvin barne- og ungdomsskule

Skuleåret 2017/2018 startar Granvin barne- og ungdomsskule med 90 elevar. Skulen vil dette året vera 7-delt; 2. og 3. klasse går i felles klasse; det same gjer 6. og 7. klasse. Skulen ligg i sentrum, og er den einaste i bygda. Besøksadresse: Hardangervegen 2543. Den har symjebasseng og idrettsbane knytt til anlegget. Skulen er bygd i 1972, og fekk eit tilbygg i 1995. Våren/hausten 2012 vart bygget rehabilitert. Me fekk m.a. nytt basseng, som me tok i bruk september 2013. I mars 2016 kunne me feira at bygget hadde fått nytt, møna tak, nytt møterom og myldrerom for elevane. 

Det er i år 26 tilsette ved skulen. Av desse er det 18 lærarar (inkludert assisterande rektor og kulturskulerektor), 4 assistentar/fagarbeidarar, IKT-ansvarleg og rektor. Det er om lag 13 pedagogiske årsverk ved skulen. Av administrativt personale har me rektor(Rigmor Hanssen) i 100% stilling, assisterande rektor(Solveig Schei Hellesnes Uppheim) i 60% . I tillegg har me sekretærressurs i 60% stilling(Svnahild Danielsen).

Jannicke Ophaug er rådgjevar og sosiallærar ved skulen. Spesialpedagogisk koordinator er Marit Spildo

SFO har dette året ope i tida 07.30-08.30 og 14.00-16.30. Mellom kl. 13.00 og 14.00 tilbyr skulen ei tilsynsordning, for elevar som har rett på skuleskyss. Leif Harry Øydvin er ansvarleg for SFO-aktivitetane og innhaldet i tilsynstimen. Solveig Schei Hellesnes Uppheim har det overordna SFO-ansvaret. Leksehjelp vert dette året gjeve som tilbod til 7. – 10. klasse to dagar i veka mellom kl. 14.00 og 15.00. Denne økta startar med eit lett måltid.

Eit ressursteam, med spes.ped. koordinator, ein lærar med utdanning innanfor språk, lesing og skriving, samt rektor og ass rektor. Denne gruppa skal samordna behovet for tilpassa opplæring og spes.ped. blant elevane. Ressursteamet skal arbeida systemisk, rettleia faglærarar/kontaktlærarar i læringsarbeidet, samt planleggja og gjennomføra kurs i lesing, skriving og matematikk. PPT vil vera ein viktig støttespelar i dette arbeidet!

Skulen har framleis fokus på fysisk aktivitet. Alle elevane har 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag, med både aktivitet og læring som målsetjing. Her får elevane også servert frukt. Hovudsatsingsområdet til skulen dette året er rekning i alle fag.

Nytt av året er satsinga på TL aktivitetar der 8 elevar har fått opplæring i å vera trivselsleiar, med ansvar for leik og moro i nokon av fysisk aktivitetstimane og i matfriminutta.

Hovudsatsingsområdet til skulen dette året er vurdering for læring.

Skulen sin visjon er: alle med – gjennom læring og trivsel i fellesskap!

Skulen sin verksemdsplan ligg som ei lenke lenger ned på sida. Du finn også skulen sin plan for arbeidet mot mobbing og skulen sin utviklingsplan.

Skuleruter for inneverande og neste skuleår ligg som eigne lenker.
 

 


 

Telefonnummer Granvin barne- og ungdomsskule
Telefonnummer Granvin barne- og ungdomsskule
Hovudnummer5652404048162242
Rigmor Hanssen40403885Rektor
Solveig Schei Hellesnes Uppheim40403884Assisterande rektor
Svanhild Danielsen48162242Sekretær
Arnstein Klovning40403872Kulturskulerektor
Arbeidsrom lærarane48162243
SFO48162244

 

 

 

Sist endra 26.10.2017
Granvin barne- og ungdomsskule
Publisert 11.12.2017
skulen.jpg

I november sendte skulen ut infoskriv til alle heimane: Informasjon til heimane, november 2017 (PDF, 744 kB)

Publisert 26.10.2017

Skulen nyttar "Mobilskole" som ein del av heim-skule samarbeid. Me ynskjer at de foreldre nyttar "Mobilskole" dersom de har meldingar til skulen. Les infoskrivet (PDF, 523 kB) for meir informasjon!

Publisert 13.06.2017
skulen.jpg

 Personalet på skulen har sendt ut sommarbrev til alle heimane. Her kan du lese litt om kva som har skjedd på skulen dette året: Sommarbrev 2017 (PDF, 825 kB)

Publisert 08.03.2017
Klatrenett

 Biletedryss frå opninga av dei nye leikeområda ved skulen i dag!

Publisert 08.03.2017
felespeling.PNG

 1. og 2. klasse ved Granvin barne- og ungdomsskule får denne våren 1 skuletime i veka til å lære seg å spele fele. Prosjektet er eit samarbeid mellom skulen, Hardanger Spelemannslag og hardingfela.no. På mandag synte NRK eit innslag på Vestlandsrevyen, som du kan sjå her: NRK TV

Publisert 19.02.2014
Svømmebasseng

 Granvin barne- og ungdomsskule har fått kr. 15.000.- i stønad til innkjøp av utstyr til symjehallen!

Utstyret som vil verta innkjøpt er mellom anna baneskiller, flyteringar, dykkeringar, flytepølser, flytematter, flytebelter og oppbevaringsvogner.

Publisert 10.02.2014
Telysjakta 2013

Fredag 31. januar 2014 avslutta 2. og 3. klasse telysjakta. Elevane har vore utruleg flinke!!! Dei har til saman levert inn 10009 telys!!!!! Dette gjorde at dei hamna på ein 3. plass i Hordand (av 81) og 99 i landet (av 992) Kjempebra jobba!!

Publisert 03.12.2013

 - Det er framleis veldig mange som ikkje kjenner til kva fagskuleutdanning er og kva for eit mangfold denne utdanninga representerar, dette skriv VOX og Nasjonalt fagskoleråd i ein e-post til alle kommuner i Hordaland.

Fagskule er eit utdanningstilbod til deg som er ferdig med vidaregåande. Fagskule tilbyr korte og yrkesretta utdanningar, og er eit fullverdig alternativ til høgskole og universitetsutdanning.

Klikk deg inn på denne lenka for å lese meir om kva fagskule er!

Publisert 22.11.2013

 .

Publisert 16.10.2013
Tema for dagen

 

 Før haustferien vart det avvikla Folkehelseveke på skulen. Rigmor rektor har skrive om alt det spanande og kjekke som skjedde på skulen denne veka! Les meir og sjå bilete under.

   

Kontaktinformasjon

Rigmor Hanssen - rektor
Hardangervegen 2543 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : rigmor.hanssen@granvin.kommune..
Telefon
: 56 52 40 40

Mobil
: 40 40 38 85

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS