Granvin Kulturskule -starta opp som Granvin musikkskule i 1985. Sidan den gong har kulturskulen utvikla seg heile tida. Frå 1998 vart det lovfesta at alle kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod.
Tilbod: Det vert gjeve tilbod i gitar, trommer, bass, hardingfele, piano vokal, dans og teikning. Kulturskulen har skuleåret 2017/2018 omlag 80 elevplassar. Kulturskulen er eit musikkfagleg kompetansesenter som styrkjer både fritids- og kulturlivet, grunnskulen og barnehagen i heradet.
Mål: Granvin kulturskule har som målsetjing å gje innbyggjarane musikk, dans og dramaundervisning
• Den enkelte elev får utvikla sine musikalske/kunstneriske evner og anlegg.
• Det vert lagt grunnlag for eit rikt musikkliv i heradet.
• Lokal musikktradisjon vert vidareført i samarbeid med grunnskule og andre.
Organisering og styring: Kulturskulen høyrer administrativt under einingsleiar for skule. Kulturskulrektor har overordna ansvar for drifta.
Opptakskrav: Busett i Granvin herad. Skulen er open for alle, men elevar i grunnskulen vert prioriterte fyrst.
Instrument: Skulen vil om mogeleg undervise i dei vokale og instrumentale og estetiske ynskje elevane måtte ha, med atterhald om å kunne skaffa lærarkrefter.
Undervisningsstad og tid: “Brakka” på Granvin barne- og ungdomsskule.. Skuletid/ettermiddag i samarbeid med lærar/elev. Undervisning i små grupper og individuelt.
Instrumentutleige: Eleven bør ha eige instrument, men skulen vil så langt som mogeleg leiga ut til dei som ikkje har.
Elevpengar: Sjå betalingssatsar på heradet si heimeside.
Søskenmoderasjon: Det vert gjeve 50 % søskenmoderasjon og på tilbod nr. to.
Undervisning: Skuleåret i kulturskulen føl grunnskulen si skulerute, og elevane får undervisning ei gong pr veke i 38 veker.
Frammøte og betalingsreglar:Med denne påmeldinga søkjer du om å få ein elevplass for eit heilt år. Sluttar du før denne tida, må du likevel betala for heile året. Elevar som spelar eit instrument for fyrste gong i kulturskulen, kan likevel slutta til jul, og berre betala for eit halvt år.
Fråvær skal meldast til læraren før undervisninga tek til undervisningsdagen. Eleven må sjølv syta for at læraren får beskjed. Nytt læraren sitt private tlf. nr. eller mobilnr.
All utmelding skal skje skriftleg til musikkskulen.