Bilete frå Granvin

Fotograf: Anne-Line Mæland
Vinterleik med farge i barnehagen 2015
Anne-Line Mæland

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer i Granvin?
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Kommunal vassforsyning

Generell informasjon

Dersom det er kommunal vassleidning i området, kan i utgangspunktet alle som vil, knyta seg til denne. Kostnaden med å knyta seg til, vil normalt falla på den som ønskjer tilknyting. Granvin herad kan krevja at abonnentar knyter seg til kommunal vassforsyning med heimel i Plan – og bygningslova ( § 65). Søknad om tilkopling skal vera på eit særskilt skjema. Søknad skal vera godkjend og tilknytingsavgift betalt før tilknyting finn stad. Kart over det aktuelle området får ein ved å hendvenda seg til teknisk drift, eller gå til kartportalen og ta ut eit kartutsnitt sjølv . Årleg gebyr for vassavgift skal betalast etter ein kvar tid gjeldande gebyr, vedteken av heradstyre.

Vassverksutbygging
Granvin heradsstyre har gjennom Hovudplan for vassforsyning vedteke 7 overordna mål for kommunal vassforsyning: Nok vatn, godt vatn, sikker vassforsyning, økonomisk forsvarlege rammer, rett kjeldeval, beredskap og vatn til ”alle” Granvin herad skal arbeida for å få godkjend alle dei kommunale vassverka i heradet som er godkjenningspliktige. Heradet vil også tilby rettleiing til private vassverk for å få desse godkjent. Det skal utarbeidast rutinar for drift av dei ulike vassforsyningsanlegga. Av mål for vassverka kan nemnast : Vasstrykk til abonnent minimum 1,5 bar, trykk mellom 3 - 6 bar (rettleiande). Drikkevatnet skal oppfylla minstekrava i Forskrift om vassforsyning og drikkevatn m.m., Dersom brotet fører til problem for industri, institusjonar m.v. som er avhengige av vatn, skal leidningsbrot reparerast omgåande. I bustadområde skal leidningsbrot reparerast snarast mogeleg. Ved avbrot over 12 timar skal alternativ vassforsyning, til dømes ved tankbil, setjast i verk.. Abonnenten er ansvarleg for at tilkopling til kommunal vassleidning er fagmessig utført slik at det er mogeleg å stengja av vatnet og at leidning ligg frostfritt. Nye abonnentar skal ha skisse av kvar utvendig stoppekran er plassert. Heradet bør få dette lagt inn på leidningskartet.

Status for vassverksutbygginga Kvanndal vassverk:
Utbygginga er her for det meste ferdig. Vassverket vart teke i bruk i desember 2002. Det er bygd ny pumpestasjon over grunnvassholet. Vatnet vert pumpa frå her og opp i eit høgdebasseng som ligg oppe i fjellsida . Abonnentane vert så forsynt frå dette bassenget som er på ca. 48 000 l. Dette skal vera nok til ca.4 dagars normal forbruk.

Folkedal vassverk:
Her er det ikkje gjort noko utbetringar ennå. Planen for dette vassverket er å lage til eit marmorfilter som gjer at ein får opp ph-verdien på vatnet. Det bør også på lengre sikt lagast til eit høgdebasseng tilsvarande det i Kvanndal for å hindre at abonnentane vert vasslause ved straumstans.

Eide vassverk:
Her er den planlagde utbygginga ferdig. Det er lagt ny hovudvassleidning frå eksisterande hovudvassleidning bak Eide industrihus fram til vassbehandlingsanlegget på Kollanes. Alle abonnentane for Eide vassverk har fått ein ny og sikrare vassforsyning enn det som er i dag. Kvaliteten på vatnet har vorte vesentleg betre. Den gamle leidningen til Tråene er bytt ut og lekkasjeprosenten for heile vassverket på Eide vart tilnærma null. I grøftetrasen er det også lagt ned kloakkleidning slik at abonnentar langs traseen kan kopla seg på.

Tueteigen vassverk:
Vassverket er nedlagd og abonnentane kopla på Eide vassverk.

Øvsthus vassverk:
Dette vassverket skal også verta forsynt med vatn frå Kollanes. Det er lagt ny vassleidning frå Kollanes i vegen langs Tueteigen og fram til Granvinsvatnet. Her skal leidningen leggjast fram til påkoplingspunkt for inntak som er i dag ved Trå. Vassleidningen vert så søkt ned på botn av vatnet. _________________________________________________________________
Heimel for kommunal vassforsyning
Forvaltningslova
Forskrift om vassforsyning og drikkevatn m. m.
Forskrift IKT mat Plan og bygningslova
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid,
Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgjevinga.

Klage
Klager som gjeld vassleveransen skal rettast til Teknisk drift. Klager/spørsmål som gjeld gebyr og avgifter kan ein ta kontakt med kundetorget.

Sist endra 29.01.2014
   

Kontaktinformasjon

Teknisk sjef Asbjørn Helleve
Heradshuset Postboks 13
5733 Granvin
E-post : asbjorn.helleve@granvin.kommun..
Telefon
: 40 40 38 67

Faks
: 56 52 40 01
Mobil
: 40 40 38 67
Beredskap
: 48 16 22 35

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Webmail for tilsette

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

 

Levert av ACOS AS