Stortingsval 2017
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

juni 2017
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

Ledig stilling som kommuneplankoordinator

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Voss kommune og Granvin herad har vedtatt å slå seg saman frå 1.1.2020. I samband med samanslåinga lyser "Nye Voss" ut prosjektstilling som kommuneplankoordinator. 

kommunevåpen voss.jpg - Klikk for stort bilete Nye Voss; Ein livskraftig bu- og arbeidsmarknadsregion i verdas vakraste reisemål.

Nye Voss blir den største folketalskommunen i indre Hordaland med om lag 15500 innbyggjarar og vil stekke seg frå fjord til fjord. Reiseliv, kultur og ekstremsport, treindustri og primærnæringar vil prege den nye kommunen.

Granvin og Voss er i dag ein tett integrert bu- og arbeidsregion, og Voss er regionsenter for Gravensarane både i arbeid og fritid. Med dei siste åras betring av vegnettet er reisetida blitt kortare, og integrasjonen tettare mellom dei to kommunane.

Beskrivelse
Kommunane ynskjer no å starte opp felles kommuneplanlegging som kan sikre at overgangen til ein ny kommune blir samordna, effektiv og framtidsretta.

Ny kommuneplan skal utarbeidast av fagpersonar frå begge kommunane. Til å samordne denne prosessen ynskjer vi å tilsetje ein kommuneplankoordinator i ein prosjektperiode frå hausten 2017 og ut 2019.
Det kan deretter verta moglegheit for fast tilsetting.

Stillinga vil rapportere til rådmennene i kommunane. Stillinga vil vera organisert under rådmannen sin stab i Voss kommune.

Sentrale tema i planarbeidet
" Utarbeide planprogram
" Kommuneplanen- samfunnsdelen:
- Utarbeida mål og visjonar for den nye kommunen.
- Analyse av kva utviklingspotensiale ein ny kommune vil kunne ha
- Planlegge for samordning, effektivisering og utvikling av tenestetilbodet
- Utarbeide handlingsprogram som gir grunnlag for felles økonomiplan og årsbudsjett
" Kommuneplanen- arealdelen
- Felles arealplanlegging
- Samordne forskrifter og retningsliner knytt til kommuneplanen


Kvalifikasjonar
" Utdanning på universitets- eller høgskulenivå, med relevant fagkrets
" Kunnskap og interesse for plan- og bygningslova
" Kjennskap til GIS-fagsystem
" God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
" Kommunane har nynorsk som administrasjonsmål

Me tilbyr
" Spanande og varierte oppgåver i eit godt fleirfagleg og sosialt miljø
" Gode vilkår for fagleg utvikling
" Løn etter avtale og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
" Gode forsikrings- og pensjonsordningar
" Fleksitid
" Fleksibel arbeidsstad mellom Granvin og Voss.
" Interne søkjarar kan pårekna permisjon frå den ordinære stillinga si. 

Søknad
Ev. spørsmål vedr. stillinga kan rettast til plan og miljøvernsjef Gunnar Bergo, gunnar.bergo@voss.kommune tlf 99207112, rådmann Einar Hauge, einar.hauge@voss.kommune tlf 95262050 eller rådmann Trude Letnes, trude.letnes@granvin.kommune.no tlf 41679533.

Søk på stillinga via denne linken. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.


Søknadsfrist 01.08.17


Publisert av Heidi Herstad. Sist endra 16.06.2017
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Fotograf: Olav Seim
Multe
Olav Seim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS