Stortingsval 2017
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

juni 2017
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

Ledig stilling som prosjektmedarbeidar

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Voss kommune og Granvin herad har vedtatt å slå seg saman frå 1.1.2020. I samband med samanslåinga lyser "Nye Voss" ut prosjektstilling som prosjektmedarbeidar.

kommunevåpen voss.jpg - Klikk for stort bilete Nye Voss; Ein livskraftig bu- og arbeidsmarknadsregion i verdas vakraste reisemål.

Voss kommune og Granvin herad har vedtatt å slå seg saman frå 1.1.2020. Nye Voss blir den største folketalskommunen i indre Hordaland med om lag 15500 innbyggjarar og vil strekke seg frå fjord til fjord. Reiseliv, kultur og ekstremsport, treindustri og primærnæringar vil prege den nye kommunen.

Granvin og Voss er i dag ein tett integrert bu- og arbeidsregion, og Voss er regionsenter for Gravensarane både i arbeid og fritid. Med dei siste åras betring av vegnettet er reisetida blitt kortare, og integrasjonen tettare mellom dei to kommunane.

Beskrivelse
Ein kommunesamanslåing er eit omfattande arbeid. For å leia arbeidet med samanslåing av dei to kommunane er det etablert ein prosjektorganisasjon. Som ein del av denne prosjektorganisasjonen, vil me no tilsetja ein prosjektmedarbeidar. Prosjektmedarbeidaren skal hjelpa prosjektleiaren i det administrative arbeidet med samanslåinga. Stillinga inneber også samarbeid med administrasjonen, tillitsvalde og politikarar i dei to kommunane.

Me søkjer ein sjølvstendig, resultatorientert medarbeidar med gode samarbeidsevner.

Fram til prosjektleiar er tilsett vil prosjektmedarbeidaren rapportere til rådmennene i dei to kommunane.

Arbeidsoppgåver
" Hjelpa prosjektleiaren i framdrift og koordinering av dei administrative prosessane knytt til samanslåinga.
" Fylgje opp og vera sekretariat for delprosjekta i deira kartleggings- og utgreiingsarbeid.
" Saksførebuing til fellesnemnda og partssamansett utval. 

Kvalifikasjonar
" God kunnskap om kommunesektoren
" God gjennomførings- og samarbeidsevne
" God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
" Erfaring frå prosjektarbeid er ynskjeleg.
" Utdanning på høgskule- universitetsnivå.

Stillinga er avgrensa til eit årsverk (100 % i eit år, ev. 50 % i to år).

Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunane. 

Me tilbyr
" Spanande og varierte oppgåver i eit godt fleirfagleg og sosialt miljø
" Gode vilkår for fagleg utvikling
" Løn etter avtale og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
" Gode forsikrings- og pensjonsordningar
" Fleksitid
" Fleksibel arbeidsstad mellom Granvin og Voss
" Interne søkjarar kan pårekna permisjon frå den ordinære stillinga si

Søknad
Søknad på stillinga med vedlagt CV skal sendast Voss kommune, Uttrågata 9, 5701 Voss.
Ein kan også søkje elektronisk via denne linken.

Ev. spørsmål vedr. stillinga kan rettast til rådmann på Voss Einar Hauge einar.hauge@voss.kommune.no tlf 95 26 20 50 eller rådmann i Granvin Trude H. Letnes, trude.letnes@granvin.kommune.no tlf 41 67 95 33.

Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

SØKNADSFRIST: 01.08.17

Publisert av Heidi Herstad. Sist endra 16.06.2017
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Liv Alice Holven nyt sola. | Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS