Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

mai 2017
tyontofrla
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

Folkehelseveka på skulen

Tema for dagen - Klikk for stort bileteTema for dagen Arnstein Klovning

 

 Før haustferien vart det avvikla Folkehelseveke på skulen. Rigmor rektor har skrive om alt det spanande og kjekke som skjedde på skulen denne veka! Les meir og sjå bilete under.

 Bilete frå folkehelseveka:

Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning Sunn mat ! Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning Fotograf: Arnstein Klovning
(klikk på bileta for å sjå dei større)

Før haustferien avvikla me Folkehelseveke på skulen. Dette var ei innhaldsrik og spennande veke, der me hadde auka merksemd på kosthald, fysisk og psykisk helse og fysisk aktivitet. Veka starta med offisiell opning av det nye bassenget på skulen. Mange gjester var inviterte; m.a. arkitekt Ingebrikt Nesheim som har hatt ansvar for utforminga av det nye bassenget. Han nytta høvet til å seia nokre ord om bassenget, og skrytte av vaktmeistrane som har heldt liv i bassenget i 40 år!! Han hadde med gåve til heradet, eit flott maleri som takk for oppdraget. Gåva vart motteken av rektor Rigmor som lova å finna ein fin stad å henga opp maleriet. Teknisk sjef Asbjørn Helleve skrytte av dei flinke arbeidarane, som også var inviterte gjestar.  Politikarane var representerte ved ordføraren, som i sin tale presiserte at dette truleg er det kjekkaste som har skjedd i heradet dette året.  Alle elevane i elevrådet var representerte ved den offisielle opninga, som forutan taler inneheldt kulturinnslag ved Kulturskulen. Dei song sjølvsagt historia om dei tre små fisk, fordi mor deira hadde sagt at symjing er sunt!!! Seansen vart avslutta med at elevrådet hadde nedteljing og elevrådsleiarane Iben og Sivert forserte kreppbandet som rektor og inspektør haldt mellom seg, hoppa uti og sumde over til andre sida og tilbake. Til slutt vart det spandert flott og smakfull bassengkake og kaffi på gjestane og på alle elevar og vaksne på skulen. Det var vel fortent! Takk til Sigvor som laga dei gode kakene til oss!!

Bilete frå opninga av bassenget:

Elevrådsleiarane klare for å "klippa" snora Flott kake til opninga Flott song av jentekoret Mange folk var møtt opp for å få med seg opninga Ordføraren Rektor med innvielsespresang Rektor og inspektør med dei to elevrådsleiarane
(klikk på bileta for å sjå dei større)

Tysdag hadde me besøk av tannpleiar, som var innom til alle skuleklassane. Dette førte til at elevane kom heim med klåre instruksar for korleis det både skal pussast og brukast tanntråd. Skuledagen vart avslutta med at alle dei tilsette tok ei økt med skrelling av grønsaker og koking av kjøt til den store betasuppefesten dagen etter.

Onsdag starta med at to uniformerte politimenn med politibil (Audun og Jens Petter) var stasjonerte i området rundt skulen, for å observera trafikkbiletet; både køyrande, gåande og syklande!! Tilbakemeldingane frå politiet var positive. Dei hadde sett mykje god åtferd i trafikken. Nokre avvik var det likevel; t.d. vart det observert elevar med hjelmen på sykkelstyret. Ikkje bra! Vaksne som stoppa og sette av elevar rett utanfor skulen vart også observert. Me vil presisera at foreldre/føresette bør nytta seg av den nye, flotte bussterminalen som vart tatt i bruk i midten av september.

Skuledagen onsdag fekk me god informasjon og innsikt i sjukdommen demens. Me hadde besøk av Ingvil Hansen frå Nasjonalforeininga for folkehelse. Ho var innom alle skuleklassar i løpet av dagen. Me fekk alle høyra om «glemmesyken» som Ingvild også kalla det. Elevane var ikkje vanskelege å få i tale om dette emnet. Alle hadde hendingar dei kunne relatera til å gløyma noko. Ho presiserte at me ikkje skal omtala folk som demente, men at dei har sjukdommen demens. For representanten frå Nasjonalforeininga for folkehelse vart også ettermiddagen nytta på skulen i Granvin. Her var Ingvil i godt selskap med mange andre frammøtte, som hadde laga stand for å presentera korleis dei driv med folkehelsearbeid i Granvin. Me kan nemna PPT, logoped, skule, barnehage, helsesøster, tannpleiar, barnevern, helse- og sosial, frivilligheits-sentralen, pleie- og omsorg i tillegg til mange ulike lag og organisasjonar i bygda, t.d. helselagt, ungdomslaget, husflidslaget og pensjonistlaget. I 2 timar kunne folk gå rundt for å verta informerte om aktivitetar og anna. Dei frammøtte kunne også delta i ein quiz om folkehelse. Premien var ei stor, flott fruktkorg sponsa av Coop i Granvin. Den heldige vinnar var MARTIN i 1. klasse. Gratulerer, Martin!! Det var også råd å vinna ei deilig fruktkorg på inngangsbilletten, som denne gongen var heilt gratis. Denne vart sponsa av Joker butikken i Granvin, og Rønnaug Kjerland vart den heldige vinnar. Gratulerer, Rønnaug!! Av andre gode sponsorar kan nemnast Nasjonalforeininga for folkehelse og det lokale helselaget som sponsa oss med frukt og grønsaker, medan Voss kjøt sponsa alt kjøtet og pølsa i betasuppa. Me takkar alle gode sponsorar. Kvelden vart avslutta med kulturinnslag frå scena i gym. salen. Takk til alle som kom; det var faktisk meir enn 250 besøkande denne kveldenJ.

Tradisjonen tru vart skulejoggen avvikla fredag før haustferien. I år skal sjølvsagt startkontingenten gå til årets TV-aksjon og Nasjonalforeininga for folkehelse sitt arbeid med sjukdommen demens. Turløypa gjekk ut mot Nesheim, og elevane kunne velja å gå 5 km, 7,5 km eller 10 km. Dei eldste elevane jogga på tid, medan dei yngste la vekt på det sosiale rundt turen. Praten gjekk mellom små og store. Rektor registrerte at alle var blide og fornøgde og gjennomførte med stil! Kan det vera skulen si satsing på fysisk aktivitet som ein denne dagen ser resultatet av? Det er i alle fall påfallande at syting og klaging er heilt fråverande, til trass for regnetJ. Eit av spenningsmomenta knytte seg til om ein av dei spreke lærarane greidde å slå den sprekaste eleven. Til trass for iherdig oppvarming på idrettsbanen før start, måtte Endre sjå seg slått med ca 1 minutt av 10. klassingen Kenneth Rykke Almenningen. Gratulerer, Kenneth!!

Alle med – gjennom læring og trivsel; i fellesskap :)

Publisert av Mari Mæland. Ansvarleg Rigmor Hanssen. Sist endra 22.11.2013
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0800-1430

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS