Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

mars 2017
tyontofrla
272812345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

RNH - Regionalt Næringsfond Hardanger

REGIONALT NÆRINGSFOND HARDANGER.
Vedteke i Hardingtinget pr 10.11.2005
I . Strategisk plan.

Bakgrunn:
Hardanger har mellom anna framtidsorientert industri, pulserande kulturliv, spennande reiseliv, spisskompetanse i fruktnæring.
Hardanger har for lite av gründerånd og etablerarkompetanse.

Mål:
RNH skal medverka til å løysa ut verdiskapingspotensialet i Hardanger ved å leggja til rette for og gi støtte til næringsutvikling og etablerartiltak i regionen.

Strategiar:
RNH får si tildeling frå Hordaland Fylkeskommune og skal gjennom sine vurderingar av vidare støtte til næringsutviklinga i Hardanger reflektera ei til ei kvar tid gjeldande prioriteringar i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland.
Attraktive og aktiv lokalsamfunn er avgjerande for at folk skal trivast og rekruttera naudsynt kompetanse for næringsliv og etablering..
Dersom følgjande område ikkje er med i gjeldande RUP, så skal RNH leggja slike spesifikke lokale priorteringsområde til grunn:

1. Nyskaping og kompetanse.
Nye arbeidsplassar i tradisjonelle og utradisjonelle næringar basert på naturgjevne og menneskelege ressursar er hovudmålsetjinga for RNH. Hardanger skal ta del i den innovasjon som kjem fram gjennom kreative kunnskapsbaserte tenesteytarar og stimulera nettverk, nyetablering og til auka etterspørsel etter tenester.
I ein region utan høgskule skal me leggja til rette for tilflytting av kompetansearbeidsplassar. Viktig er det også å setja fokus på fagutdanning samt etter- og vidareutdanning.

2. Industri og Internasjonalisering.
Gjennom å utnytta nettverket i industri, kultur og reiseliv, samt aktiv kontakt med VestNorsk Brüsselkontor, skal næringar og kommunar i Hardanger vera aktive internasjonale aktørar.

3. Landbruksbasert Bygdeutvikling.
Landbruket er eit av dei bærande elementa i næringsstruktur og landskapspleie i Hardanger. Landbruket representerer verdiskaping for samfunnet langt ut over talet på direkte sysselsette i næringa. Reiselivet er avhengig av eit levande landbruk. Ressursgrunnlaget på bygdene må i større grad utnyttast til næringsutvikling og busetjing.

4. Kulturbaserte næringar
Hardanger har dei beste føresetnader for å skapa næring på grunnlag av tradisjonelle og moderne kulturytringar. Levande tradisjonar og blømande kunstuttrykk må stimulerast til nye inntektspotensiale og næringar med bakgrunn i Hardanger. Kulturbaserte næringar er også gode døme på meirverdien Hardanger gir sine innbyggjarar og gjester.

5. Reiseliv.
Hardanger er eit av dei fremste reisemåla i Noreg og del av Fjordane som utpeika det internasjonalt beste reisemålet. Hardanger vil utnytta synergiane mellom reiseliv, landbruk og kultur til nyskaping og vidareutvikling av Hardanger produkt- og merkenamn.


II . Retningsliner.
Styre:
RNH skal ha eit styre på 9 medlemmer. Regionrådet (ordførarane) i dei 7 Hardangerkommunane/herada og 2 frå lokalt næringsliv.

Sakshandsaming.
 Dagleg leiar i Hardangerrådet er ansvarleg for sakhandsaminga. Hardangerrådet kan leiga dette hos næringsselskap eller kommunar i Hardanger. 20% av årleg fylkeskommunale tildelte midlar kan årleg verta sett av til oppbygging av RHN frå 2004. Renteinntekter og anna avkasting vert årleg tillagt fondet.

 Regionalt Næringsfond Hardanger vert lyst ut og tildelt 2 gonger i året med søknadsfristar 01.04 og 01.10 frå og med tildelinga i 2005.

 Tilsegn om fondsmidlar frå RNH skal normalt trekkjast inn etter 12 månader, dersom dei ikkje er utbetalte.

 Tildelte midlar kan krevjast tilbakebetalte dersom dei ikkje er nytta etter føresetnadene i søknaden.


Forvaltningsprinsipp.
 RNH skal gje tilskot til tiltak i dei 7 Hardangerkommunane. Om tiltaket også har verknad for nabokommunar til Hardanger, er dette ikkje til hinder for støtte.

 RNH kan nyttast til støtte til prosjekt i regi av kommunar og kommunale verksemder. RNH kan ikkje nyttast til drift eller investering for kommunar eller kommunale verksemder.

 RNH kan nyttast til etablerarstøtte, prosjektstøtte, forstudie og utgreiingar i einskildverksemder, men ikkje til investering i bygg/faste installasjonar eller drift. RNH skal forvaltast i best mogeleg koordinering med kommunale næringstøtteordningar. Søknader som gjeld heile regionen må først vurderast av RNH før kommunal handsaming. Av omsyn til samordning , må det i søknaden koma fram kva finansieringskjelder som vert omsøkte.

 Tilsegn frå RNH vert utbetalt med 50 % av summen ved oppstart av omsøkt tiltak og 50 % når det er levert revidert rekneskap som viser bruken av midlane.

 Tiltak som har regionalt perspektiv skal prioriterast ved tildelingar frå RNH. Eit forprosjekt må vera på regionalt nivå, ikkje lokalnivå.

 Ved vurdering av tilsegn RNH skal ein leggja vekt på realismen for gjennomføring.

Artiklar
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0800-1430

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Liv Alice Holven nyt sola. | Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS