Bilete frå Granvin

Fjellbjørk
Fjellbjørk

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Melding om godkjent plan - kommuneplan for Granvin herad - arealdelen 2015-25

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete  I møte i Granvin heradsstyre 16.09.15, HS-042/15, vart det gjort følgjande vedtak;

I medhald av plan- og bygningslova § 11-6, vedtek Granvin heradsstyre framlegg til Kommuneplan for Granvin herad - arealdelen 2015-2025 med følgjande tilleggspunkt:

-          Ein held fast på B11, men styrkjar rekkjefølgjekrava slik at det netto vert like mykje dyrka mark
-          Tek ut B12 og legg heile flaten som LNF og som omsynssone landbruk. Landbruk vert då prioritert over natur og fritidsaktivitet på dette område.
-          Endrar B13 til LNF-spreidd bustad med maks 3 bueiningar. Arealet vert avgrensa oppover til gangstien gjennom området.
-          Planen vert vedteken utan byggjegrense mot sjø. Gjeldande, rettleiande, definisjon av funksjonell strandsone vert vidareført. Byggjegrense mot vassdrag vert innarbeida etter NVE si anbefaling. I arbeidet med neste planstrategi skal det vurderast om byggjegrense mot sjø skal vera tema for ei sjølvstendig revidering.
-          Tek ikkje inn Hausneslia som nytt bustadområde, men vedtek å sette i gang ei revidering av arealdelen. Tema for revideringa skal vere næringsareal og bustadareal i LNF-område med andre kvalitetar enn nærleik til sentrum.
-          Granvin herad startar opp arbeid med revidering av kommuneplanen. Omfang av revideringa vert avklara i ny planstrategi for 2015-2019.

detalj_sentrum.png - Klikk for stort bilete Bakgrunn

Revidering av kommuneplan for Granvin herad – arealdelen vart starta opp i 2012. Revideringa var avgrensa til større bustadområde, på min 8 bueiningar. Etter dette var det pause i arbeidet. Framlegg til kommuneplan vart lagt ut på offentleg ettersyn hausten 2014. Framlegget inkluderte ein klar orientering mot utbygging nær sentrum. Eit av desse, Skielva Øvre, er alt realisert.

Nytt om plankart 

Direkte lenke til plankartet her. Heradet har teke i bruk ein ny kartteneste til presentasjon av plankart. Me ønskjer at ein primært nyttar denne tenesten. Det ligg ved plankart på pdf. Desse eignar seg ikkje til utskrift på mindre enn A1. Ta kontakt om du ønskjer plankart på papir.

Sjå gjerne infokskriv om bruk av den nye karttenesten som er lagt ved, eller her.

Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no

Publisert av Ebbe D. Meinild. Sist endra 24.09.2015
Kommunevåpen

OBS! Plankart er no oppdatert med basiskart, da desse ved ein feil ikkje vart med.

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap d. 09.09.14, og i medhald av plan- og bygningslova § 11-14, vert framlegg til revidering av kommuneplan si arealdel, jf vedlagte plandokument lagt ut til offentleg ettersyn i 6 uker i perioden 17.09.14 – 29.10.14.

Føremålet med planen er å revidera arealplanen med tanke på mellomstore eller store bustadfelt, dvs. på min 8 bueiningar. Dette har medført nokre endringar innafor andre tema. I tillegg er planen oppdatert etter dagens lovkrav.

Saksutgreiingog plandokument er tilgjengeleg på tenestetorget og på Granvin herad si heimeside www.granvin.kommune.no under planar – planar under arbeid. Det er produsert fleire ulike plankart for særskilte område og tema. Ved førespurnad kan ein få eit lokalt utsnitt av framlegget.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 29.10.14. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd.

Me inviterar til infomøte om framlegget på heradshuset 23.09.14 kl 18.00. Her vil plansjef Ebbe Dam Meinild presentera bakgrunn og innhald, samt forklare teikn og symbol i plankartet..

Sjå vedlagte plandokument. 

Revidering av bustadareal i kommuneplanen sin arealdel 2009-19 - melding om oppstart og utlegging av framlegg til planprogram. 
Formannskapet som fast utval for plansaker gjorde d. 31.12.2012 følgjande vedtak i sak 12/49:
«Som anvist i planstrategien for Granvin herad meldes det med dette oppstart av planarbeid for kommuneplanens arealdel, jf Pbl § 10-1. Oppstartsmelding og planprogram slik det ligg føre vert sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn jf Pbl §§ 4-1,11-1,11-13.
Føremålet med revideringa er å leggje til rette for mellomstore eller store bustadfelt, dvs. på min 8 bueiningar. Sjå elles planprogram for fleire detaljar.»

Framlegg til planprogram og saksdokument ligg på Granvin herad si heimeside www.granvin.kommune.no under planar - planar under arbeid.

Det vert arrangert eit ope møte på Jaunsen Gjestgjevarstad, onsdag 29.2 kl. 15-18

Epost med einslydande brev og saksdokumenta som vedlegg har blitt sendt til alle høyringsinstansar. Ta kontakt for ettersending av dokument på papir.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 19. mars 2012. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat - planavd.

Sjå framlegg til planprogram under "les meir"

   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS