I møte i Granvin heradsstyre 19.09.12 vart det gjort følgjande vedtak;
HS-044/12 Vedtak:
Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken:
Granvin herad godkjenner ikkje framlegg til detaljreguleringsplan (alt. H1) for Fv 7 Haukanesberget.
Grunngjeving:
Planen tek ikkje omsyn til den smale og lite oversiktlege vegstrekninga forbi Haukanes, og Granvin herad meiner at dette gjev ei dårleg løysing med omsyn til trafikktryggleik.
Granvin herad meiner at planen ikkje vernar kulturmiljø, landskap og landbruk i tråd med konsekvensutgreiinga i planen.
Granvin herad meiner at bruk av overskotsmassar slik det vert lagt opp til i planen ikkje er i samsvar med samfunnsnyttig bruk.
Viser til tidlegare heradsstyrevedtak og brev av 19.04.12, 16.05.12 og 12.06.12 i saka.
Kommentar frå administrasjonen: Dette betyr i praksis at planen no vert send attende til administrasjonen for ny handsaming. Me vidaresender dette ønskjer til tiltakshavarane: Hordaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen.
Plandokument og saksutgreiing er lagt ut på kommunen sine internettsider, www.granvin.kommune.no under planar. Epost med einslydande brev og saksdokumenta som vedlegg har blitt sendt til alle høyringsinstansar. Ta kontakt for ettersending av dokument på papir.Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat - planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no
Sjå les meir for relevante saksdokument.